Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Tekstilar, tøy og sko Tekstilar, tøy og sko

Standardkvote: Fri kvote

Krav til levering

Alle typar tekstiler kan du levere til mottak for tøy/tekstilar. Dei må være heile, reine og tørre.

Dette er tekstilar, klær og sko

Tekstiler og tøy må vere reine, tørre og utan lukt når du leverer desse inn. Sko skal ikkje vere øydelagt eller utslitt og treng ikkje å vere vaska. Du kan også levere inn einslege sko.

Slik gjer du det

  1. Ha ein fast plass der du samlar tekstilar, tøy og sko.
  2. Ta dette med deg til ein tøyinnsamlingsboks eller når du skal til gjenvinningsstasjonen.
    Tekstiler
    Er du sikker på at kleda ikkje har meir liv igjen? (Foto: Maude Frederique / Unsplash)

     

Ja takk!

  • Brukbart tøy
  • Undertøy
  • Sokker og strømpebukser
  • Belter
  • Hatta og luer
  • Vottar og hanskar
  • Fleecegenser
  • Skjerf
  • Tekstil
  • Handklede
  • Sengetøy
  • Gardiner
  • Stoffrestar
  • Dyne og pute
  • Telt og presenning
  • Skinnfell

Nei takk!

  • Skitne og våte tekstilar
  • Øydelagte og utsletne sko

Kva gjer du med:

Tøy og tekstilar som ikkje kan reingjerast?

Små mengdar tekstiler og tøy som ein ikkje kan reingjera kastas i restavfallet. Større mengder leverer du til ein gjenvinningsstasjon.

Tøy, tekstilar og sko med målingsflekkar?

Så lenge kleda er reine og tørre kan du levere dei inn i tøyinnsamlinga, også om dei har målingsflekkar eller andre flekkar som ikkje går bort.

Syntetisk tøy?

Syntetisk tøy vert produsert med stoff som nylon, akryl eller polyester, og inneheld dermed plast.

Det er ressurskrevjande og miljøbelastande å produsere tekstiler og klær. Uansett kva kleda er laga av, er det beste å levere dei til gjenbruk i dag for å spare miljøet for produksjon av endå meir tekstilar.

Klær kan enten gå til ombruk, bli reparert, bli redesigna eller få nytt liv som noko heilt anna. På denne måten tar vi vare på materiala som allereie er produsert.

Klær som inneheld plast avgjer mikroplast når ein vaskar dei. Vask dei så lite som mogleg og skaff ein vaskepose eller filter på vaskemaskinen som fangar opp mikroplast (nyere maskiner kjem ofte med filter).

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

Visste du at..

Mengden tekstilar som blir levert inn har vore sterkt aukande dei siste åra, spesielt klede av lavare kvalitet.

Vi leverer inn så mykje klede no at det ikkje er nok mogligheitar for gjenbruk og materialgjenvinning.
 

Hva kan du gjere?
 

  • Bruk og reparer tekstilane du allereie har. Sjå gode tips på Ta vare på det du har
  • Spør deg sjølv før du kjøper noko: Treng eg dette? Kan eg kjøpe det brukt?
  • Velg kvalitet når du først kjøper noko nytt, slik at plagga kan vare i mange år