Tømming av tett tank
Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av reinsa vatn.
Det er vanleg å bruke tette tankar i hyttefelt og område der det ikkje er lov å ha utslepp. Tankane blir tømt kvart år, eller oftare ved behov.
Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.
Hra du problem med tanken?
Det kan vere fleire grunnar til det.
- Innløp
Røra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på ar røret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.
Trinnvis løysing:
- Løft av lokket på tanken
- Er nivået i tanken opp til innløpet?
- Dersom ja, kontakt ÅRIM for tømming av tanken.
- Nivå i tanken
Nivået for tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner.
Nivået for ein tett tank må ikkje overstige innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.
Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.