Det er gratis å levere hageavfall til miljøstasjonen.
Uønska planteartar leverer du som brennbart avfall. Dette går på den ordinære kvota for avfall til sortering.
Hageavfall er alt biologisk nedbrytbart avfall som oppstår i og rundt hagen. Dette kan til dømes vere gras/ugras, løv, hageplantar, greiner og kvist.
Vanlege plantar som ikkje er ein trussel i hagen, kan være til skade om dei kjem på avveie. Dei kan skade det biologiske mangfaldet. Det er difor forbudt å dumpe hageavfall i naturen.
OBS: Svartelista planter / uønska planteartar leverer du som brennbart avfall på miljøstasjonen.
Nedfallsfrukt kan ein sortera i matavfallet når du plukkar desse opp.
Nedfallsfrukt som blir liggjande kan tiltrekke seg skadedyr både heime og om det hamnar på gjenvinningsstasjonen saman med hageavfallet.
Framande arter kan ein levere til forbrenning på gjenvinningsstasjonen. Desse skal ein ikkje levere blanda saman med anna hageavfall. Pakk desse plantane godt inn i tette og gjennomsiktige plastsekkar før levering slik at du unngår at frø frå plantane spres. Sjå oversikt over framande arter.
Framande artar utgjer ein trussel for det biologiske mangfoldet og dei plantane som naturlig er i norsk natur. Det er difor, i følgje Forurensningsloven, forbudt å dumpe hageavfall i naturen.
Dersom du ser at hageavfall blir dumpa eller har blitt dumpa i naturen, kan du melde frå om dette til kommunen. Dersom det blir eit gjentakande problem i eit område kan du oppfordre kommunen til å setje opp skilt med opplysning om at det ikkje er lov til å kaste hageavfall på staden.
Hageavfallet blir kverna opp ved hjelp av fliskuttar, og nyttast i kompost for å lage ny jord. Hageavfall blir kompostert og omdannet til ny jord, eller til miljøvennlig drivstoff.
Artsdatabanken viser kva slags økologisk risiko framende artar kan utgjere for naturmangfaldet i Norge.
Søk på enkeltartar