Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Impregnert trevirke Impregnert trevirke

Standardkvote: 1000kg

Krav til levering

Impregnert trevirke går under farleg avfall-kvota så lenge du leverer reine lass med farleg avfall. Køyrer du blanda lass må du innom vekta i fleire runder så det blir registrert på riktig kvote.

Alle husstandar kan levere farleg avfall gratis til ein bemanna miljøstasjon.

Dette er impregnert trevirke

Impregnert trevirke er trevirke impregnert med kreosot, salter av tungmetall (CCA-impregnert), kobber (CU-impregnert) eller liknande. Dette leverer ein inn som farleg avfall.

Impregnert trevirke må ein ikkje bruka som ved. Det avgjer miljøfarlege stoff, i tillegg til at oska er svært giftig.

bilde_1198.jpeg
Impregnert trevirke går under farleg avfall-kategorien.

Viktig å vite om

Produkt som er går under farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff. Unngå difor at stoffa havnar på avvege:

  • Lever inn til mottak for farleg avfall, som næraste gjenvinningsstasjon. Lever helst farlig avfall i originalemballasjen.
  • Ikkje kast i restavfallet, i naturen eller i toalettet/vasken

Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.

Kva blir det til?

Impregnert trevirke går til forbrenning ved spesialanlegg da asken ved brenning er giftig. Avgasser og aske håndteres og det sikres mot utslipp av miljøgifter. 

Sjå meir om

Farleg bygningsavfall

Døme på farleg bygningsavfall er impregnert trevirke, asbest og golvbelegg med ftalatar. Dei tilsette på miljøstasjonane vil fortelje deg kva som er farleg bygningsavfall.

Impregnert trevirke

Impregnert trevirke inneheldt tidlegare kjemikaliar som kreosot, eller salt av tungmetall for at trevirket ikkje skulle rotne.

Miljøgiftene går etter kvart ut i omgivelsane, så unngå impregnert trevirke i grønnsaksbedet eller der du oppbevarer mat.

Sluttbehandling av tungmetallhaldig avfall

I Noreg skjer sluttbehandling av, for eksempel tungmetallhaldig avfall, syrer og basar ved deponering.

Sluttbehandling av måling, lim, lakk og olje skjer ved at avfallet først blir forbehandla og deretter går til forbrenning i Norcem sin sementomn i Breivik i Telemark.

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

Visste du at..

Farleg avfall inneheld stoff som kan skade menneske dyr og natur – sjølv i små mengder. 

 

Kvart år oppstår det nesten 1,1 million tonn farleg avfall i Noreg. Store delar av dette veit ein ikkje kvar havnar.

Er du ein aktør med deklarasjonsplikt?

Om di virksemd har meir enn ein kilo farleg avfall årleg er du forplikta til å levere dette minst ein gong per år til eit lovleg mottak for farleg avfall. 

Les meir om deklarering av farleg avfall her.