Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Avfallet mitt er ikkje blitt henta

Avfallet mitt er ikkje blitt henta

Nokre gangar hender det at kundar opplever at avfallet ikkje er henta. Som regel er det gode forklaringar bak.

Renovatørane våre startar arbeidsdagen kl 06. Dei skal tøme over tusen dunkar dagleg og rutene er sirlig lagt opp for dette. Nokre gongar må dei køyre ekstraruter, og dette kan føre til at enkelte tømmingar ikkje blir henta til normal tid, men framskynda eller utsatt til seinere på dagen.

Vi er heilt avhengig av eitt godt samarbeid med våre brukarar for å levere ein god teneste.

Nokre kontrollspørsmål før du etterlyser renovatørane:

  • Stod dunken klar kl 06?
    Om den ikkje stod framme når renovatørane var der, sendar vi dei ikkje tilbake. Dei har eit stramt tidsbudsjett å følgje for å rekke alle bustadar.
  • Er det framleis nokre timar igjen av dagen?
    Då kan det vere dei måtte køyre ei ekstrarute før dei kjem til deg.
  • Har du mottat avviksmelding på dunken din?
    Då rådar vi deg til å lese denne for å finne ut av kva som har skjedd.

Våre renovatørar er dyktige og driven i arbeidet sitt, men innimellom kan feil oppstå. Då vil vi gjerne rette opp. 

Kontakt oss, så finner vi ut av det.

Kontakt
Min Renovasjon app

Få varsel om henting

Har du hugsa å laste ned Min Renovasjon? Denne gratis-appen gir deg varsel om henting av alle avfallstypar.

Les Meir