Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Årim og Bingsa Gjenvinning blir til Attvin

Årim og Bingsa Gjenvinning blir til Attvin

Fredag 1.desember markerer vi overgangen til Attvin, og takkar av to gamle, men gode namn for lang og tro teneste.

Ikkje alt som er nytt er betre enn det gamle. La det vere sagt. Men av og til må noko ut for å gi plass til noko betre. Betre for kven, tenker du kanskje? Betre for deg, svarer vi då. For det er ikkje kun namnet som blir endra.

Eit nytt kapittel

Sidan 70-talet har det vore avfallsmottak på Bingsa. Mykje har skjedd i avfallsbransjen sidan den gang. Frå å tenke at naturen ordnar opp etter oss, veit vi no at vi må ta enda meir ansvar for handlingane våre framover. Det blir viktigare enn nokon gang å designe, produsere, forbruke og kvitte oss med ting på ein måte som gir minst mogleg belastning for menneske, natur og omgivnadar.

Det store avfallsskiftet

Endringane vi gjer kjem ikkje aleine, men heng saman med eit skifte som strekk seg langt utover vår region.

Større krav frå EU

Krava frå myndigheiter og EU er tydelege. Kildesortering går ikkje over. Tvert i mot. Vi skal kildesortere enda meir. Dette påverkar oss alle, både heime og på jobb. Grupper som tidlegare ikkje har hatt krav om utsortering må no kunne dokumentere avfallsmengdene sine.

Bransjen blir meir digital
Saman med auka krav til datafangst og rapportering, er kundane våre blitt stadig meir digitale. Dette gir behov for fleire digitale løysingar.

Teknologiske endringar
Samstundes som bransjen arbeidar for å få god drahelp av automatisering og robotisering på ettersorteringsanlegg, er vi framleis avhengig av at du som forbrukar bidreg i arbeidet.

Auka kvalitetskrav
Frå 70-talets standard, er det no heilt andre krav som rettast til oss som avfallsmottak. Mange aktørar tek grep for å bøte på arva synder. Også Attvin. Oppgradering av renseløysing for sige- og prosessvatn frå anlegget vårt på Bingsa er eitt av dei.

Eit navn for endring

Det nye namnet representerer endringane vi gjer for å møte denne nye tida. Attvin tek mål av seg på å gjere det mogleg for innbyggarar og næringsliv å skape ei sirkulær framtid, i eit godt lokalmiljø.I ei tid der stadig fleire ressurar blir omtala som begrensa, er avfall ein konstant. For å lukkast med skiftet til ein sirkulær økonomi må vi gjenvinne meir.

Difor Attvin.

Dette kjem frå Attvin i 2024:

  • Digitalt adgangsbevis til miljøstasjonar
  • Heile renovasjonstenesta samla i ein app
  • Meir sjølvbetening. Enklare for deg
  • Meir fokus på ombruk

Last ned Min Renovasjon

Minreneovasjo Telefon Transparent.png

Med appen Min renovasjon kan du få hentekalender, varslingsteneste, sorteringsinfo og anna informasjon knytt til eigendommen din rett på telefonen.

 

For Android: Last ned
For iPhone: Last ned