Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Raud boks med farleg avfall

Innsamling av miljøfarleg avfall

Finn fram den raude boksa og gamle målingsboksar, sprayflasker, kjemikaliar, mobiltelefonar og leidningar. Den mobile miljøstasjonen samlar inn miljøfarleg avfall i oktober.

Vi tek i mot det du har i den raude boksa di. Merk at el-apparater som er større enn ein mikrobølgeovn  og billass med farleg avfall må leverast til ein bemanna miljøstasjon (hugs då å ta med miljøstasjonskortet).

Vi sørgar for at avfallet blir sendt til gjenvinning. 

Hit kjem vi:

Ålesund kommune

03. okt kl. 16:00 - 18:00 - Vatneeidet ved Europris

12. okt kl. 16:00 - 18:00 - Haramsøya, ved Småbåthavna

12. okt kl. 16:00 - 18:00 - Fjørtofta, ved skulen

13. okt kl. 16:00 - 18:00 - Lepsøya, ved fergekaia

18. okt kl. 16:00 - 18:00 - Skodje, ved Kiwi

18. okt kl. 16:00 - 18:00 - Rema 1000, Digernes

19. okt kl. 16:00 - 18:00 - Brattvåg brannstasjon (nye)

19. okt kl. 16:00 - 18:00 - Søvika ved Coop-butikken

Giske kommune

03. okt kl. 16:00 - 18:00 - Godøy, nedanfor gatekjøkkenet

Sula kommune

04. okt kl. 16:00 - 18:00 - Langevåg ved bensinstasjonen

05. okt kl. 16:00 - 18:00 - Eidsnes ved Johan R. Sunde

Sykkylven kommune

10. okt kl. 16:00 - 18:00 - Straumgjerde ved butikken

10. okt kl. 16:00 - 18:00 - Aure ved Coop

Vestnes kommune

11. okt kl. 16:00 - 18:00 - Tomrefjord ved Joker

11. okt kl. 16:00 - 18:00 - Nærbutikken Reistaddalen, Vågstranda

17. okt kl. 16:00 - 18:00 - Vestnes Brygge

17. okt kl. 16:00 - 18:00 - Tresfjord, ved butikken

Dette kan du levere

  • Lysrør og lyspærer
  • Småelektronikk
  • Kablar og leidningar
  • Elektriske leiker
  • Batteri
  • Måling, lim og lakk
  • Løysemiddel
  • Sprayboksar

Dette kan du ikkje levere:

  • Asbest og eternitt
  • Trykkimpregnert trevirke
  • Vindauge
  • Kvitevarer og elektronikk større enn ein mikrobølgeovn
  • Fyrverkeri
  • Billass med farleg avfall

Les meir om farleg avfall her.