Camilla Nybø har alltid vore flink til "skylle, brette og stappe", men ikkje alltid skrive namn og nummer på kubben. Sjølv om ho har vore i tvil om lotteriet framleis har eksistert har ho likevel prøvd lukka. Og det gav avkastning!
«Dette var svært overraskande, men timinga vart god no opp mot jul. Du skal nok ikkje se bort ifrå at vinsten i stor grad vil gå med til juleførebuingar», seier den glade vinnaren.
Onsdag 1.desember besøkte Camilla ÅRIM sitt kontor på Moa, der ho vart tildelt diplom frå Grønt Punkt og blomar frå ÅRIM som takk for god sorteringsinnsats.
«Dette er heilt klart ein ekstra hyggelig del av jobben. Både organisasjonar, bedrifter og privatpersonar som er flinke til å sortere og levere inn kartongene sine kan bli belønna for miljøinnsatsen», seier kommunikasjonssjef i ÅRIM, Caroline Mehl Nakken.

Stor miljøvinst
«Å gjenvinne brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke. Derfor er vinsten stor for miljøet når folk skyller, bretter og leverer inn kartongar», fortel Gunnar Moen som er ansvarlig for Returkartonglotteriet i Grønt Punkt Norge.
Grønt Punkt Norge sikrar og administrerar finansieringa av returordninger for drikkekartong. Gjenvinning av drikkekartong senker også avgifta som er lagt på drikkevareemballasje, noko som i praksis betyr at prisen blir lågare for forbrukaren. Men det aller viktigste er naturlegvis å gjenvinne for miljøet si skuld.
«Drikkekartongar er laga av såkalt jomfrueleg fiber. Det betyr at det er første gang dette materialet er i bruk. Difor kan fibrane i ein innlevert drikkekartong ha opptil sju-åtte liv framfor seg. For eksempel som pizzakartong eller Cornflakes-esker», seier Moen.
Vil du lese meir om returkartonglotteriet? Gå til Grønt Punkt