Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Vi søkjer gjenvinningsoperatør

Vi søkjer gjenvinningsoperatør

For den rette kandidaten er dette ein jobb med mange moglegheiter. Har du engasjement for rett forvaltning av ressursane våre, og eit ønskje om å ha ein sentral funksjon i det grøne skiftet? Då kan dette vere draumejobben for deg.

Arbeidsoppgåver: 

Di viktigaste oppgåve er å få avfall til riktig gjenvinning. 

  • Levere ut sorteringsutstyr til kundar
  • Befaringar ute i kommunene der du skal hjelpe å finne gode plasseringar av sorteringspunkt
  • Rettleie innbyggjarar og besøkande på miljøstasjonar. 
  • Bidra til sortering og klassifisering av farleg avfall
  • Føre maskiner på ulike lokasjonar
  • Bidra til trygg og effektiv produksjon
  • Utføre ulike sjåfør- og serviceoppgåver

Vi ønskjer at du har: 

  • Førarkort i klasse B  
  • Førarkort M2, T4 
  • Gode språkkunnskapar (engelsk og norsk). 
  • Fagbrev eller annan dokumentert kompetanse innan gjenvinningsfaget. Relevante kurs innan industrivern, HMS, førstehjelp eller liknande
  • Beherskar kontorprogram og IT-verktøy

Er du óg? 

  • Serviceinnstilt og kommuniserer godt med kundar? 
  • Interessert i å utvikle deg fagleg? 
  • Ein god kollega som ser folka rundt deg? 
  • Initiativrik og ein pådrivar? 

Då vil vi høyre frå deg. 

Og ekstra glad blir vi om du er kvinne – det treng bransjen nemleg fleire av. 

Vi kan tilby: 

  • God opplæring 
  • Konkurransedyktige vilkår, deriblant gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Ordna arbeidsforhold og ein sikker jobb i ein framtidsretta bransje 
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning 
  • Gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø 
  • Høg grad av sjølvstende 
  • Rom for personleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag 

Send søknad til richard@arim.no

Søknadsfrist 30. mai.

Arbeidsstad er i hovudsak Ålesund. 
Spørsmål kan rettast til Richard Flåte på tlf. 94 83 75 32.